Bible Study: FrontPage




 

Jobs, Chapter 36

Bible Study - Jobs 36 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Og Elihu heldt fram og sa:
  
2. Vent litt, so eg fær sagt deg kva eg meiner! For endå hev eg ord til å forsvara Gud med.
  
3. Min kunnskap vil eg henta langan leid og syna greidt at skaparen hev rett.
  
4. For mine ord er ikkje falske, det er visst; fullkomen kunnskap hev den mann som stend framfor deg.
  
5. Sjå, Gud er sterk, men han vanvyrder ingen, han som er veldig i forstandskraft.
  
6. Han let ikkje ein gudlaus mann få leva, og armingane hjelper han til deira rett.
  
7. Frå dei rettvise tek han ikkje sine augo; i lag med kongar på sin stol let han dei sitja all si tid med heider.
  
8. Og um dei bundne vert med lekkjor og fanga i ulukke-snaror,
  
9. so vil han dermed syna dei kva dei hev gjort, syndene deira, at dei bar seg trassigt åt,
  
10. og opna øyra deira for åtvaringi og få dei til å venda um ifrå det vonde.
  
11. Um dei då høyrer og vil tena han, so fær dei leva all sin dag i lukka og sine år i herlegdom og gleda.
  
12. Høyrer dei ikkje, so skal spjotet råma dei, og dei skal missa livet i sitt fåvit.
  
13. Men folk med gudlaust hjarta hyser vreide; dei ropar 'kje til Gud når han legg dei i band*.
  
14. Dei døyr i ungdomsalderen, let livet liksom skjøkjesveinar*.
  
15. Han frelser armingar ved deira armodsdom og opnar deira øyro gjenom trengsla.
  
16. Han lokkar deg og ut or trengslegapet, ut til ein open plass der det er romt; og bordet ditt skal vera fullt av feite retter.
  
17. Men er du full av gudlaus misgjerd, kjem misgjerdi og domen til å fylgjast åt.
  
18. Lat berre ikkje vreide lokka deg til spott, og lat ikkje den tunge boti* lokka deg på avveg!
  
19. Kann skriket ditt vel fria deg or trengsla, kann alt ditt strev og slit vel gjera det?
  
20. Du må 'kje stunda etter natti, den natt då heile folkeslag vert blesne burt ifrå sin stad!
  
21. Tak deg i vare, vend deg 'kje til synd! For du hev større hug til det enn til å lida.
  
22. Sjå, Gud er upphøgd i si kraft; kven er ein lærar slik som han?
  
23. Kven hev vel synt han vegen hans, kven segjer vel: Du gjorde urett?
  
24. Sjå til du prisar høgt hans verk, som menneski hev sunge um!
  
25. All verdi ser på det med lyst; menneskja skodar det langt undan.
  
26. Sjå, Gud er stor, og me forstend han ikkje; årtalet hans kann ingen finna ut;
  
27. han dreg vassdropar upp til seg, so det vert regn av skodde-eimen;
  
28. det fløymer ifrå skyene og dryp ned yver mange folk.
  
29. Finst det vel nokon som kann skyna korleis skyhopar breider seg, korleis det brakar frå hans tjeld*?
  
30. Han breider ljoset sitt ikring seg og gøymer det med havsens røter*.
  
31. For soleis refser han vel folki, men gjev og rikeleg med føda.
  
32. Han sveiper hendene i ljos og sender det mot fienden.
  
33. Hans torebrak ber bod um han, ja, feet varslar når han kjem.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES