Bible Study: FrontPage




 

Jobs, Chapter 5

Bible Study - Jobs 5 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Rop berre du! Finst det nokon som svarar deg? Og kven av dei heilage vil du venda deg til?
  
2. For harm slær dåren i hel, og vreide drep den fåvituge.
  
3. Eg såg ein dåre røta seg, men brått laut eg banna hans bustad.
  
4. Borni hans var utan hjelp; dei vart trakka ned i porten, og ingen berga dei.
  
5. Dei svoltne åt upp avlingi hans, dei tok henne trass i klungergjerde, og snara lurde på hans gods.
  
6. For ikkje skyt ulukka upp or moldi, og møda brydder ikkje fram or jordi;
  
7. men mennesket vert født til møda, som gneistane flyg høgt i veret.
  
8. Eg vilde* venda meg til Gud og leggja saki i hans hand,
  
9. han som gjer uransakelege storverk, so mange under at dei kann 'kje teljast,
  
10. som sender regn utyver jordi, let vatnet strøyma yver mark og eng,
  
11. som lyfter småfolk upp i høgdi og hjelper syrgjande til frelsa,
  
12. som spiller rådene dei kloke legg, so deira hender ikkje fær gjort verk som varer,
  
13. som fangar vise folk i deira klokskap og gjer det so at sløge råder vert forhasta;
  
14. um dagen støyter dei på myrker, og trivlar midt på dag som var det natt.
  
15. Slik frelser han den fatige frå sverdet, frå deira munn og handi åt den sterke,
  
16. so det vert von for vesalmannen, og vondskapen let munnen att.
  
17. Ja, sælt er det menneske som Gud refser, og tukt frå den Allmektige må du ikkje vanvyrda!
  
18. For han sårar, og han fetlar; han slær og hans hender lækjer.
  
19. I seks trengslor skal han berga deg, og i den sjuande kjem inkje vondt innåt deg.
  
20. I hungersnaud friar han deg frå dauden og i krig frå det herjande sverdet.
  
21. For tungesvipa skal du vera gøymd, og ikkje tarv du ottast øydingi.
  
22. Øyding og hunger skal du læ åt, og villdyri på jordi tarv du ikkje ottast;
  
23. for steinane på marki hev du samband med, og villdyri i heidi held fred med deg.
  
24. Du fær sjå at ditt tjeld stend trygt, og skodar du din eigedom, saknar du ingen ting.
  
25. Du får sjå at ætti di aukar, dine etterkomarar vert som urtene på jordi.
  
26. I fullmogen alder skal du ganga i gravi, liksom kornband vert berga i rette tid.
  
27. Sjå, dette hev me granska ut, og soleis er det. So høyr det då og merk deg det!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES