Bible Study: FrontPage




 

Jobs, Chapter 6

Bible Study - Jobs 6 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Då tok Job til ords og sa:
  
2. Gjev dei vilde vega min hugverk, og samstundes leggja all mi ulukka på vekti!
  
3. For no er ho tyngre enn havsens sand; difor var ordi mine ville.
  
4. For pilene åt den Allmektige sit i meg, og mi ånd lyt drikka deira gift; redslor frå Gud fylkjer seg mot meg.
  
5. Skrik vel eit villasen midt i grøne graset? Eller burar uksen når han stend ved fôret?
  
6. Kven et det smerne utan salt? Kven finn vel smak i eggekvite?
  
7. Det byd meg mot å røra det*; det er for meg som utskjemd mat.
  
8. Å, berre bøni mi vart høyrd, og Gud let voni verta uppfyllt!
  
9. Ja, vilde Gud gjera vel og knusa meg, retta ut si hand og skjera av min livstråd!
  
10. Då hadde eg endå ei trøyst, eg hoppa av gleda midt i nådelaus pina; for eg hev ikkje neitta ordi åt Den Heilage.
  
11. Kva styrke hev eg, so eg kunde herda, kva ende fær eg, so eg kunde vera tolug?
  
12. Er kanskje eg so sterk som steinen? Er kanskje kroppen min av kopar?
  
13. So er eg då reint hjelpelaus, all frelse-von er teki frå meg.
  
14. Den usæle trong møta kjærleik hjå sin ven, um so han ikkje lenger ottast den Allmektige.
  
15. Men brørne mine sveik som bekken, som elvedrag der flaumen gjeng;
  
16. fyrst gruggast dei av bråna is, og snøen løyner seg i dei,
  
17. so minkar dei i sumarsoli og kverv reint burt i sumarheten.
  
18. Vegfarande vik av til dei, men kjem til øydemark og døyr.
  
19. Vegfarande frå Tema skoda dit, ferdafylgje frå Sjeba vona på dei;
  
20. dei vart til skammar i si von; då dei kom fram, so vart dei narra.
  
21. So hev de vorte reint til inkjes, de ser ulukka og vert redde.
  
22. Hev eg vel bede dykk um gåvor? Bad eg dykk hjelpa meg med gods
  
23. og frelsa meg frå fiendvald, kjøpa meg fri frå valdsmenner?
  
24. Lær meg, so skal eg tegja still, syn meg kvar eg hev fare vilt!
  
25. For kraft det er i rettvis tale! Men last frå dykk er inkje verdt.
  
26. Tenkjer de på å lasta ord? Men ord frå vonlaus mann dei er for vinden.
  
27. De kunde jamvel kasta lut um farlaust barn og bjoda venen dykkar fram til sals.
  
28. Men gjer no vel og sjå på meg! Trur de eg lyg dykk upp i andletet?
  
29. Vend um, lat ikkje urett henda! Vend um, enn hev eg rett i dette.
  
30. Finst det vel urett på mi tunga? Eller kjenner ikkje gomen min kva som er vondt?


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES