Bible Study: FrontPage




 

Jobs, Chapter 8

Bible Study - Jobs 8 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Då tok Bildad frå Suah til ords og sa:
  
2. Kor lenge vil du tala so og lata ordi rasa som eit uver?
  
3. Trur du at Gud kann rengja retten? Kann den Allmektige vel rengja rettferd?
  
4. Hev dine søner synda mot han, gav han dei deira synd i vald.
  
5. I fall du vender deg til Gud, og bed du allmakts Gud um nåde,
  
6. er du då rein og utan svik, so skal han vaka yver deg og reisa ny din rettferds-bustad,
  
7. og lukka som du åtte fyrr, skal verta ring mot den som kjem; for ho skal vera ovleg stor.
  
8. For berre spør dei farne ætter, og akta på kva federne fann ut
  
9. - for me er frå i går, og inkje veit me; for livet vårt på jordi er ein skugge -
  
10. dei skal nok læra deg og gjeva fråsegn og svara deg med ord frå hjarta.
  
11. Veks sevet anna enn i myr? Trivst storren der som vatnet vantar?
  
12. Enn stend han grøn, og ingen skjer han; då visnar han fyrr noko anna gras.
  
13. So gjeng det alle dei som gløymer Gud, og voni glepp for gudlaus mann;
  
14. avskore vert det som han set si lit til, og det han stolar på, er kongurvev.
  
15. Han styd seg på sitt hus - det dett; han held seg fast i det, men det stend ustødt.
  
16. Han stend der full av saft i solskinet, hans greiner breider seg utyver hagen;
  
17. hans røter smett seg kring ei steinrøys, han bryt seg fram imillom steinar.
  
18. Men vert han riven frå sin stad, so kjennest staden ikkje ved han, men segjer: Eg hev aldri set deg.
  
19. Sjå, det er gleda på hans veg, og upp or moldi brydder andre.
  
20. Nei, Gud skyt ikkje frå seg ein som er ulastande, og han tek ikkje gudlaust folk i handi.
  
21. Han skal nok endå fylla munnen din med lått og lippone med fagnadrop.
  
22. Men dei som hatar deg, skal skammi klæda, og tjeldi åt dei gudlause skal ikkje finnast meir.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES