Bible Study: FrontPage




 

Jobs, Chapter 9

Bible Study - Jobs 9 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Då tok Job til ords og sa:
  
2. Eg veit for visst at det er so; korleis kann mannen hava rett mot Gud?
  
3. Um han var huga på å andordast med Gud - han kunde ikkje svara eitt til tusund.
  
4. Vis som han er og sterk i velde - kven trassa han og slapp vel frå det,
  
5. han som flyt fjell fyrr dei veit av det, og velter dei når han er vreid,
  
6. som skakar jordi, so ho vik frå staden sin, og hennar stolpar skjelv,
  
7. han som byd soli, so ho ikkje renn, og som set segl for stjernone,
  
8. som spanar himmelen ut åleine og skrid fram yver havsens toppar,
  
9. som skapte Bjørnen* og Orion* og Sjustjerna* og stjernekammeri i sud,
  
10. han som gjer store, uransakelege verk, so mange under at dei kann 'kje teljast?
  
11. Um han gjeng framum meg, ser eg han ikkje; um han fer framum, vert eg ikkje var han.
  
12. Han grip sitt rov - kven meinkar han? Kven spør vel han: Kva gjer du der?
  
13. Gud held ikkje sin vreide att; for han laut Rahabs-fylgjet bøygja seg.
  
14. Kor kann då eg vel svara han og velja mine ord imot han?
  
15. Um retten var hjå meg - eg kunde ikkje svara, men laut nok beda domaren um nåde.
  
16. Og um eg ropa, og han svara meg - eg kunde ikkje tru han lydde på mi røyst,
  
17. han som i stormen vilde knusa meg og utan grunn heimsøkja meg med sår på sår,
  
18. som ikkje vilde unna meg å draga anden, men vilde metta meg med lidingar.
  
19. Når det gjeld styrke, segjer han: Her er eg! Og gjeld det rett: Kven tru vil stemna meg?
  
20. Um retten var hjå meg, so sa min eigen munn meg saka, um eg var skuldlaus, sa han like vel eg hadde urett.
  
21. Men skuldlaus er eg; eg er like sæl med livet - å leva stend eg ikkje etter.
  
22. Det kvittar eitt; so segjer eg: Skuldlaus og gudlaus - båe tyner han.
  
23. Når svepa brått gjev ulivssår, so spottar han dei skuldlause som lid.
  
24. I handi åt den gudlause er jordi gjevi; han sveiper andletet på hennar domarar*. Er det 'kje han, kven er det då som gjer det?
  
25. Snøggare enn lauparen fór mine dagar, dei flaug av stad, men aldri såg dei nokor lukka;
  
26. som sevbåtar gleid dei av stad, som ørn når ho slær ned på fengdi.
  
27. Dersom eg segjer: Eg vil gløyma sorgi, eg jamnar panna mi og gjer meg glad,
  
28. so gruar eg for alle mine plagor; for ikkje dømer du meg fri, det veit eg.
  
29. Eg skal no ein gong vera gudlaus - kvi strevar eg då so til fåfengs?
  
30. Ja, um eg tvætta meg i snø og reinsa hendene med lut -
  
31. straks dukka du meg i ei greft, so klædi mine stygdest ved meg.
  
32. For han er ikkje liken min, ein mann som eg kann gjeva svar, som eg kann fylgjast med til retten;
  
33. det er ingen skilsmann millom oss, som kunde leggja handi på oss båe.
  
34. Når berre han tok riset frå meg, og redslone hans ikkje skræmde meg!
  
35. Då skulde eg tala og ikkje vera redd han; eg er då ikkje slik*, det veit eg med meg sjølv.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES