Bible Study: FrontPage




 

Josvas, Chapter 12

Bible Study - Josvas 12 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Dei kongane austanfor Jordan som Israels-borni vann yver og tok landet frå millom Arnon-åi og Hermon-fjellet, med alle moane i aust,
  
2. det var fyrst Sihon, amoritarkongen, som budde i Hesbon og rådde yver landet nordanfor Aroer innmed Arnon-åi - frå midt i åi - og yver helvti av Gilead til Jabbok-åi, som er landskilet mot Ammons-borni,
  
3. og yver moane på austsida, upp til Kinneretsjøen og ned til Moavatnet eller Saltsjøen, burt imot Bet-Hajesimot og sud under Pisgalidene;
  
4. so var det riket åt Og, kongen i Basan, ein av dei som var att av kjempefolket; han budde i Astarot og Edre'i
  
5. og rådde yver fjellbygdene kring Hermon og yver Salka og yver heile Basan, til landskilet mot gesuritane og ma'akatitane, og yver helvti av Gilead til landskilet mot Sihon, kongen i Hesbon.
  
6. Det var dei som Moses, Herrens tenar, og Israels-borni hadde vunne yver; og Moses, Herrens tenar, hadde late rubenitane og gaditane og den eine helvti av Manasse-ætti få landet deira til eigedom.
  
7. Og dei kongane som Josva og Israels-borni vann yver i landet vestanfor Jordan, frå Ba'al-Gad i Libanonsdalen til det nakne fjellet som ris upp imot Se'ir - det landet som Josva gav Israels-ættene til eigedom etter greinene deira -
  
8. i fjellbygdene og på låglandet og på moane og i lidene og i øydemarki og i sudlandet, landet åt hetitane og amoritane og kana'anitane og ferisitane og hevitane og jebusitane,
  
9. det var: Kongen i Jeriko, ein, kongen i Ai, som ligg tett med Betel, ein,
  
10. kongen i Jerusalem, ein, kongen i Hebron, ein,
  
11. kongen i Jarmut, ein, kongen i Lakis, ein,
  
12. kongen i Eglon, ein, kongen i Geser, ein,
  
13. kongen i Debir, ein, kongen i Geder, ein,
  
14. kongen i Horma, ein, kongen i Arad, ein,
  
15. kongen i Libna, ein, kongen i Adullam, ein,
  
16. kongen i Makkeda, ein, kongen i Betel, ein,
  
17. kongen i Tappuah, ein, kongen i Hefer, ein,
  
18. kongen i Afek, ein, kongen i Lassaron, ein,
  
19. kongen i Madon, ein, kongen i Hasor, ein,
  
20. kongen i Simron-Meron, ein, kongen i Aksaf, ein,
  
21. kongen i Ta'anak, ein, kongen i Megiddo, ein,
  
22. kongen i Kedes, ein, kongen i Jokneam innmed Karmel, ein,
  
23. kongen i Dor på Dor-høgdene, ein, kongen yver Gojim attmed Gilgal, ein,
  
24. kongen i Tirsa, ein, i alt ein og tretti kongar.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES