Bible Study: FrontPage




 

Josvas, Chapter 13

Bible Study - Josvas 13 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. No var Josva gamal vorten og ut i åri komen, og Herren sa til han: No er du gamal og langt fram i åri; men endå er det ovmykje land att å taka.
  
2. Det som er att, er alle filistarbygdene og heile Gesuritar-landet;
  
3. for alt som ligg millom Sihor austanfor Egyptar-land og Ekron-skiftet i nord, skal reknast til Kana'an, både dei fem filistarfyrstane i Gasa og Asdod og Askalon og Gat og Ekron, og avitane.
  
4. So er det i sud heile Kana'anitar-landet, og Meara, som høyrer sidonarane til, til Afek, til skiftet med amoritane,
  
5. og Giblitar-landet og heile austsida av Libanon, frå Ba'al-Gad nedunder Hermon-fjellet til Hamat-vegen,
  
6. alle dei som bur i fjellbygdene, frå Libanon til Misrefot-Ma'im, alle sidonarane. Sjølv vil eg driva dei ut for Israels-borni. Men lat no Israels-borni kasta lut um dei bygdene dei skal få til odel og eiga, soleis som eg hev sagt deg fyre!
  
7. Skift ut dette landet til dei ni ættene og den eine helvti av Manasse-ætti.
  
8. Saman med Manasse-ætti* hadde rubenitane og gaditane fenge odelslandet sitt, det som Moses gav dei på austsida av Jordan, soleis som Moses, Herrens tenar, gav dei det:
  
9. alt som ligg nordanfor Aroer innmed Arnon-åi, og den byen som ligg midt i dalen, og heile Medbasletta radt til Dibon,
  
10. og alle byane åt Sihon, amoritarkongen, han som hadde kongssætet sitt i Hesbon, radt til skiftet med Ammons-borni,
  
11. og Gilead og Gesuritar-landet og Ma'akatitar-landet og heile Hermon-fjellet og heile Basan alt til Salka -
  
12. heile riket åt Og i Basan, han som hadde kongssætet sitt i Astarot og Edre'i; han var den siste som var att av refa'itane, og Moses vann yver dei og dreiv dei ut.
  
13. Men Israels-borni dreiv ikkje ut gesuritane og ma'akatitane; dei hev vorte buande millom Israels-folket alt til denne dag.
  
14. Det var berre Levi-ætti han ikkje gav noko odelsland; eldofferi åt Herren, Israels Gud, er deira odel, soleis som han hadde lova dei.
  
15. Fyrst let Moses Rubens-borni få sin lut etter ættgreinene deira.
  
16. Dei fekk landet nordanfor Aroer innmed Arnon og byen som ligg midt i dalen, og heile sletta kring Medba,
  
17. Hesbon og alle byane som tilhøyrde og låg på sletta: Dibon og Bamot-Ba'al og Bet-Ba'al-Meon
  
18. og Jahsa og Kedemot og Mefa'at
  
19. og Kirjata'im og Sibma, og so Seret-Hassahar på berget i dalen
  
20. og Bet-Peor og Pisgalidene og Bet-Hajesimot
  
21. og alle byane på sletta og heile riket åt Sihon, amoritarkongen, som hadde kongssætet sitt i Hesbon - det var han som Moses vann yver same gongen som han felte Midians-hovdingane, Evi og Rekem og Sur og Hur og Reba, som var jarlane åt Sihon og hadde bustad der i landet;
  
22. og Bileam Beorsson, spåmannen, var og millom dei falne, dei som Israels-borni drap med sverdet.
  
23. Fylkesdeilet åt Rubens-borni fylgde Jordan-åi; ho var skifte. Dette var det landet Rubens-borni og ættgreinene deira fekk til odel og eiga med byar og bygder.
  
24. So let Moses Gads-ætti - Gads-borni - få sin lut etter ættgreinene deira.
  
25. Det dei fekk, var Jaser og alle byane i Gilead og helvti av Ammonitar-landet alt til Aroer, som ligg midt for Rabba,
  
26. so landet deira rakk frå Hesbon til Ramat-Hammispe og Betonim og frå Mahana'im til Debirbygdi;
  
27. og i dalen fekk dei Bet-Haram og Bet-Nimra og Sukkot og Safon, det som var att av riket åt Sihon, kongen i Hesbon. Alt dette låg på austsida av Jordan, og fylkesdeilet fylgde Jordan heilt upp til sudenden av Kinneretsjøen.
  
28. Dette var det landet Gads-borni og ættgreinene deira fekk til odel og eiga med byar og bygder.
  
29. Sidan gav Moses land åt halve Manasse-ætti, so dei og - den eine helvti av Manasse-borni - fekk sin lut etter ættgreinene sine.
  
30. Dei fekk landet burtanfor Mahana'im: heile Basan - heile riket åt Og, kongen i Basan - og alle tjeldbyane åt Ja'ir i Basan, seksti byar,
  
31. og helvti av Gilead, og Astarot og Edre'i, kongebyane åt Og i Basan. Alt dette fekk borni åt Makir, son åt Manasse, helvti av Makirs-borni og ættgreinene deira.
  
32. Dette var den odelsjordi Moses luta ut på Moab-moane austanfor Jordan-åi, midt for Jeriko.
  
33. Men Levi-ætti gav han ikkje noko odelsland. Herren, Israels Gud, er deira odel, soleis som han hadde lova dei.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES