Bible Study: FrontPage




 

Mika, Chapter 1

Bible Study - Mika 1 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Dette er Herrens ord som kom til Mika frå Moreset i dei dagane då Jotam, Akas og Esekias var kongar i Juda, det som han såg um Samaria og Jerusalem.
  
2. Høyr, de folk, alle i hop! Lyd etter, du jord med alt som på deg er! Og Herren, Israels Gud, vere vitne imot dykk, Herren frå sitt heilage tempel!
  
3. For sjå, Herren gjeng ut frå bustaden sin; han stig ned og skrid fram yver høgdene på jordi.
  
4. Fjelli brånar under føtene hans, og dalane rivnar - som vokset for elden, som vatnet når det støyper seg utfor ein hamar.
  
5. Alt dette hender for Jakobs fråfall, for dei synder som Israels hus hev gjort. Kven er so skuld i Jakobs fråfall? Er det ikkje Samaria? Og kven er skuld i Judas offerhaugar? Er det ikkje Jerusalem?
  
6. So vil eg då gjera Samaria til ei steinrøys på marki, til ein stad der dei dyrkar vin; eg vil velta steinane hennar ned i dalen og leggja grunnvollane hennar berre.
  
7. Alle dei utskorne bileti hennar vil eg krasa, alle horegåvone hennar vil eg brenna upp med eld, og alle gudebileti hennar vil eg øyda; for av horeløn hev ho samla dei i hop, og til horeløn skal dei atter verta.
  
8. For dette vil eg jamra og øya, vil eg ganga berrføtt og naken ikring; eg vil setja i med jammerskrik som sjakalane og med syrgjelåt som strussane.
  
9. For såri hennar let seg ikkje lækja; for ulukka er komi radt til Juda, ho hev nått radt til porten åt folket mitt, til Jerusalem.
  
10. Kunngjer det ikkje i Gat, gråt ikkje der! I Bet-Leafra velter eg meg i moldi.
  
11. Far burt*, de som bur i Sjafir, nækte og skjemde! Folket i Sa'anan vågar seg ikkje ut**. Jamringi i Bet-Haesel gjer det rådlaust for dykk å stogga der.
  
12. For Marots-buane vrid seg i verk for lukka dei hev mist; for ulukka hev fare ned frå Herren, radt til porten i Jerusalem.
  
13. Spenn tråvaren for vogni, de Lakis - buar! Upphavet til syndi var du* for Sions dotter; for hjå deg vart Israels synder funne.
  
14. Difor lyt du gjeva frå deg Moreset-Gat; husi i Aksib vert ein svikal bekk for Israels kongar.
  
15. Endå ein gong skal eg lata dykk få ein eigarmann, de Maresa-buar! Til Adullam skal Israels stormenner koma.
  
16. Raka deg snaud i kruna, klypp håret av, i sorg yver borni dine, som var din hugnad! Raka deg so du vert snaud som gribben, for dei er førde burt ifrå deg.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES