Bible Study: FrontPage




 

Mika, Chapter 2

Bible Study - Mika 2 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Usæle dei som tenkjer ut urett og emnar på vondt medan dei ligg på lega si! Straks det lyser av dag, set dei det i verk, for di det stend i deira makt.
  
2. Dei trår etter åkrar og ranar dei, etter hus og tek dei, dei gjer vald mannen og huset hans, mot bonden og odelen hans.
  
3. Difor segjer Herren so: Sjå, eg tenkjer ut vondt imot denne ætti, ulukkor som de ikkje skal vera god til å rista av halsen, og de skal ikkje få ganga so bratte i nakken heretter; for det vert ei vond tid.
  
4. Den dagen skal dei kveda ei nidvisa um dykk og syngja ein syrgjesong. Dei skal segja: No er det slutt, me er reint øydelagde; arven åt folket mitt skifter han ut til andre, sjå, kor han tek han ifrå meg! Til fråfalne* skifter han ut vår jord.
  
5. So skal du då ingen hava som spanar mælesnor yver nokon jordlut* i Herrens lyd.
  
6. Haldt upp med denne preikingi! So preikar dei. Um slikt må dei ikkje preika! Det er då ikkje måte på skjellsord*!
  
7. For ein tale, du Jakobs hus! Tru Herren er brålyndt? Eller er det soleis han plar fara fram? Er ikkje ordi mine gode imot den som fer reideleg åt?
  
8. Men alt lenge hev no folket mitt reist seg imot meg som min uven; de dreg kåpa av folk som gjeng trygge framum og ikkje vil vita av strid - so dei berre hev kjolen att.
  
9. Kvinnone i folket mitt driv de ut ifrå heimane deira, som var deira gleda; frå småborni deira tek de for alle tider prydnaden som eg gav dei.
  
10. Statt upp og gakk dykkar veg! For her hev de ingen kvilestad, for dykkar ureinskap skuld, som valdar tyning, ja skræmeleg tyning.
  
11. Kom nokon med svall og svik og laug og sa: Eg vil preika for deg um vin og sterk drykk - sjå det vilde vera ein preikar for dette folket!
  
12. Eg vil samla deg, Jakob, samla dykk so mange som de er; sanka i hop vil eg det som er att av Israel, eg vil føra dei saman som sauer til ei kvi, som ein buskap til sitt beite, so det vert ståk av menneske.
  
13. Vegbrøytaren fer fyre dei; dei bryt seg igjenom og stimar fram gjenom porten og slepp ut; kongen deira fer fyre dei, og Herren i brodden for dei.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES