Bible Study: FrontPage




 

Mika, Chapter 3

Bible Study - Mika 3 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Og eg sa: Høyr, de Jakobs hovdingar og de domarar for Israels hus! Høyrer det ikkje dykk til å vita kva som er rett?
  
2. De som hatar det gode og elskar det vonde, de som flår skinnet av folk og kjøtet av beini deira,
  
3. de som et mitt folks kjøt og riv hudi av dei, og beini deira bryt de sund og breider dei ut liksom i ei gryta og som kjøt i ei panna.
  
4. Då* skal dei ropa til Herren, men han skal ikkje svara dei; han skal løyna si åsyn for dei på den tidi for deira vonde åtferd skuld.
  
5. So segjer Herren um dei profetane som fører folket mitt vilt, som ropar: Fred! når dei hev noko å tyggja med tennene, men som eggjar til heilag strid mot dei som ikkje stikk dei noko i munnen.
  
6. Difor skal det verta natt for dykk utan syner, og myrker utan spådom; soli skal ganga ned yver profetane, og dagen verta svart yver dei.
  
7. Sjåarane skal skjemmast, og spåmennene blygjast; dei skal hylja skjegget* sitt alle saman; for det kjem ikkje svar ifrå Gud.
  
8. Men eg, eg er full av kraft ved Herrens Ande og av rettskjensla og mannsmod, so eg kann vitna for Jakob um hans brot og for Israel um hans synd.
  
9. Høyr dette, de hovdingar yver Jakobs hus og de domarar for Israels hus, de som styggjest ved det som er rett, og krøkjer alt som er beint,
  
10. de som byggjer upp Sion med blod og Jerusalem med urett!
  
11. Hovdingane der dømer for mutor, prestane lærer for løn, og profetane spår for pengar, og endå styd dei seg på Herren og segjer: Er ikkje Herren midt imillom oss? Det kjem ingi ulukka yver oss.
  
12. Difor skal for dykkar skuld Sion verta pløgd som ein åker, og Jerusalem skal verta til steinrøysar, og tempelberget til skoghaugar.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES