Bible Study: FrontPage




 

Salomos Ordsprog, Chapter 10

Bible Study - Salomos Ordsprog 10 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Ordtøke av Salomo. Ein vis son er til gleda for far sin, men ein uvitug son er mor si til sorg.
  
2. Gudløyse-skattar gagnar inkje, men rettferd bergar frå dauden.
  
3. Herren let ikkje den rettferdige svelta, men giren hjå dei gudlause viser han burt.
  
4. Lat-hand skaper armod, men strevsam hand gjer rik.
  
5. Ein klok son sankar um sumaren; ein skjemdar-son søv um hausten.
  
6. Velsigningar kjem yver hovudet på den rettferdige, men munnen åt dei gudlause skal deira vald gøyma.
  
7. Minnet um den rettferdige lever i velsigning, men namnet åt dei gudlause morknar.
  
8. Den som hev visdom i hjarta, tek imot [Guds] bod; men den som hev dåre-lippor, gjeng til grunns.
  
9. Den som ferdast ulastande, ferdast trygt, men den som gjeng krokvegar, han vert kjend.
  
10. Den som blinkar med auga, valdar vondt, og den som hev dåre-lippor, gjeng til grunns.
  
11. Rettferdig manns munn er ei livsens kjelda, men munnen åt dei gudlause skal deira vald gøyma.
  
12. Hat yppar tretta, men kjærleik breider yver alle brot.
  
13. På vitug manns lippor er visdom å finna, men stokken høver åt uvitings rygg.
  
14. Dei vise gøymer kunnskapen sin, men or dåremunn kann ein venta fåre.
  
15. Rikmanns eiga er hans faste by; fatigfolks armod er deira ulukka.
  
16. Det den rettferdige vinn, tener til liv; ugudleg manns inntekt vert han til synd.
  
17. Ein veg til liv er den som aktar på tukt; men den som ikkje ansar age, fører folk på avveg.
  
18. Den som løyner hat, hev ljugarlippor, og den som ber ut eit låkt ord, er ein dåre.
  
19. Der det er mange ord, vantar det ikkje synd; men den som tøymer lippone sine, er klok.
  
20. Rettferdig manns tunga er som utvalt sylv; hjarta åt dei ugudlege er ingen ting verdt.
  
21. Rettferdig manns lippor nærer mange, men dårar døyr, av di dei vantar vit.
  
22. Det er Herrens velsigning som gjer rik, og eige strev og legg inkje til.
  
23. Dåren finn moro i skjemdarverk, men den vituge mannen i visdom.
  
24. Det den ugudlege gruar for, kjem yver han; men det dei rettferdige ynskjer, skal Gud gjeva dei.
  
25. Når ein storm fer framum, er den ugudlege burte; men den rettvise stend på æveleg grunn.
  
26. Som eddik er for tennene og røyk for augo, so er letingen for den som sender han.
  
27. Otte for Herren lengjer livet, men åri åt gudlause folk vert stytte.
  
28. Dei rettferdige kann venta gleda, men voni åt gudlause folk vert til inkjes.
  
29. Herrens veg er vern for den lastelause, men øydeleggjing for illgjerningsmenner.
  
30. Rettferdig mann skal aldri rikkast, men dei ugudlege skal ikkje få bu i landet.
  
31. Rettferdig manns munn ber visdoms frukt, men den falske tunga vert avskori.
  
32. Rettferdig manns lippor skynar kva som er til hugnad, men munnen på dei ugudlege er berre fals.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES