Bible Study: FrontPage




 

Salomos Ordsprog, Chapter 9

Bible Study - Salomos Ordsprog 9 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Visdomsmøyi hev bygt seg hus, ho hev hogge til sine sju stolpar.
  
2. Ho hev slakta sitt slakt og blanda sin vin og attåt duka sitt bord;
  
3. ho hev sendt ut sine ternor, ho ropar ovantil haugane i byen:
  
4. Den som er fåkunnig, vende seg hit! Til den som er vitlaus, segjer ho:
  
5. Kom og et av mitt brød og drikk av den vin eg hev blanda!
  
6. Lat dykkar fåkunna fara, so skal de leva, og gakk beint fram på vegen åt vitet!
  
7. Den som refser ein spottar, avlar seg vanæra, og den som lastar ein gudlaus, fær skam av det.
  
8. Lasta ikkje spottaren, han vil hata deg! Lasta den vise, han vil elska deg.
  
9. Lær den vise, so vert han endå visare; lær den rettferdige, so gjeng han fram i lærdom.
  
10. Otte for Herren er upphav til visdom, og å kjenna den Heilage er vit.
  
11. For ved meg skal dine dagar aukast, og leveår fær du i rikt mål.
  
12. Er du vis, so gagnar det deg sjølv, og er du ein spottar, lyt du lida for det åleine.
  
13. Dårskapen er ei kvinna so vill, ho eig ikkje vit, og ingen ting veit ho.
  
14. Ho sit utfor husdøri si på ein stol høgt uppe i byen
  
15. og ropar til dei som ferdast på vegen, som gjeng sine stigar beint fram:
  
16. Den som er fåkunnig, vende seg hit! Til den som er vitlaus, segjer ho:
  
17. Stole vatn er søtt, og brød som vert ete i løynd, smakar godt.
  
18. Men han veit ikkje at der bur daudingane, at hennar gjester er i helheims djup.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES