Bible Study: FrontPage




 

Salomos Ordsprog, Chapter 4

Bible Study - Salomos Ordsprog 4 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Høyr etter, born, når ein far tuktar, og gjev gaum, so de kann læra klokskap!
  
2. For ein god lærdom gjev eg dykk; mine bod må de ikkje ganga frå.
  
3. For då eg var son heime hjå far min, då eg var liten og einaste guten åt mor mi,
  
4. då lærde han meg og sa til meg: Lat hjarta ditt halda fast på mine ord, tak vare på mine bod, so skal du leva.
  
5. Kjøp deg visdom, kjøp deg vit, gløym ikkje og vik ikkje frå ordi eg segjer!
  
6. Gakk ikkje frå visdomen, so skal han vakta deg; elska han, so skal han vara deg.
  
7. Upphavet til visdom er: Kjøp deg visdom, ja, kjøp deg vit for all di eiga!
  
8. Set han høgt, so skal han upphøgja deg; han fører deg til æra, når du tek han i fang.
  
9. Han set på ditt hovud ein fager krans, han gjev deg ei prydeleg kruna.
  
10. Høyr, son min, og tak imot mine ord, so vert dine leveår mange.
  
11. Eg viser deg visdoms veg, eg leider deg på rettvise-stigar.
  
12. Når du gjeng, skal du stiga fritt, og når du spring, skal du ikkje snåva.
  
13. Haldt fast på min age, slepp han ikkje! Tak vare på han, for han er ditt liv.
  
14. På gudlause-stig må du ikkje koma, ikkje fylgja den vegen dei vonde gjeng.
  
15. Haldt deg burte frå han, fylg han ikkje, vik frå han og gakk utanum!
  
16. For dei fær ikkje sova minder dei hev gjort eitkvart vondt, og dei misser svevnen, hev dei ikkje fenge einkvar til å falla.
  
17. For dei et gudløyse-brød og drikk valdsverks vin.
  
18. Men den stigen dei rettferdige gjeng, er lik morgonglima, som vert bjartare og bjartare til det er ljos dag.
  
19. Den vegen dei ugudlege gjeng, er som kolmyrkret; dei veit ikkje kva dei snåvar i.
  
20. Son min! Akta på ordi mine, lut øyra ned til det eg segjer!
  
21. Slepp dei ikkje utor augo, vara dei djupt i hjarta!
  
22. For dei er liv for kvar som finn dei, og lækjedom for heile hans lekam.
  
23. Tak vare på hjarta framfor alt som du vaktar; for livet gjeng ut frå det.
  
24. Haldt deg ifrå svikfulle ord, og burt med falske lippor!
  
25. Lat augo dine sjå beint fram og augnekasti skoda ende fram for deg!
  
26. Jamna stigen for din fot, og lat alle dine vegar vera støde!
  
27. Tak ikkje or leidi, korkje til høgre eller vinstre, vend foten ifrå det vonde!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES