Bible Study: FrontPage




 

Salomos Ordsprog, Chapter 5

Bible Study - Salomos Ordsprog 5 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Son min! Gjev ans på min visdom, lut øyra ned til mitt vit,
  
2. so du kann gøyma kloke råder og lippone halda på kunnskap!
  
3. For honning dryp av lippone på framand kvinna, og sleipare enn olje er tunga hennar,
  
4. men til slutt er ho beisk som malurt, kvass som eit tvieggja sverd.
  
5. Hennar føter stig ned til dauden, hennar fet fører radt til helheims.
  
6. Livsens stig vil ho ikkje ganga; ho vinglar vegvill, men veit det ikkje.
  
7. So høyr no på meg, mine born, og vik ikkje frå det som munnen min mæler!
  
8. Lat din veg vera langt frå henne, og kom ikkje nær hennar husdør!
  
9. Elles gjev du di pryda til andre, til ein hardstyrar dine år;
  
10. framande fær metta seg av di eiga, og det du hev streva i hop, kjem i annanmanns hus,
  
11. so du lyt stynja i di siste stund, når ditt hold og ditt kjøt tærest burt,
  
12. og segja: Kor kunde eg hata tukt, kor kunde hjarta mitt vanvyrda age,
  
13. so eg ikkje høyrde på dei som lærde meg, og ikkje lydde på dei som rettleidde meg!
  
14. Nær var eg komen ille i det midt i lyden som sat til tings.
  
15. Drikk or din eigen brunn, drikk rennande vatn or di eigi kjelda!
  
16. Skulde kjeldone dine fløyma på gata, bekkene dine på torgi?
  
17. Lat dei vera berre for deg og ikkje for framande med deg!
  
18. Kjelda di vere velsigna, gled deg i din ungdoms viv!
  
19. Elskhugs-hindi, ynde-gasella! Barmen hennar kveikje deg til kvar tid, av kjærleiken hennar vere du alltid ør!
  
20. Kvi skulde du, son min, vera ør av trå etter annanmanns kona og femna barmen på framand kvinna?
  
21. For Herren hev kvar manns vegar for augo, og han jamnar alle hans stigar.
  
22. Den ugudlege vert fanga i sine eigne misgjerningar, og hans eigi synd vert snaror som held han fast.
  
23. Han lyt døy, av di han ikkje let seg aga, og for sin store dårskap skuld tumlar han i koll.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES