|
|
Salmenes, Chapter 101
1. Av David; ein salme. Um miskunn og rett vil eg syngja; deg, Herre, vil eg lova.
2. Eg vil akta på vegen den ulastande gjeng - når kjem du til meg? Eg vil ferdast i mitt hjartans uskyld i mitt hus.
3. Eg vil ikkje setja meg fyre noko nidingsverk; å gjera misgjerd hatar eg, slikt skal ikkje hanga ved meg.
4. Eit rangsnutt hjarta skal vika frå meg, den vonde vil eg ikkje vita av.
5. Den som løynleg lastar sin næste, han vil eg tyna; den som hev stolte augo og eit ovmodigt hjarta, kann eg ikkje tola.
6. Mine augo ser etter dei gudlege i landet, for eg vil dei skal bu hjå meg; den som ferdast på vegen åt den ulastande, han skal tena meg.
7. I mitt hus skal ingen få bu som fer med svik; den som talar lygn, skal ikkje standa for augo mine.
8. Kvar morgon vil eg tyna alle ugudlege i landet, so eg kann rydja ut or Herrens by alle ugjerningsmenner.
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|