Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 102

Bible Study - Salmenes 102 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Bøn av ein arming, når han ormektast og let sitt klagemål strøyma fram for Herren.
  
2. Herre, høyr mi bøn, og lat mitt rop koma fram til deg!
  
3. Løyn ikkje ditt andlet for meg den dagen eg er i naud! Halla øyra ditt til meg! Den dagen eg ropar, svara meg snart!
  
4. For dagane mine hev fare burt som ein røyk, og mine bein er brende som ein brand.
  
5. Mitt hjarta er solstukke som gras og uppturka; for eg hev gløymt å eta brødet mitt.
  
6. For mi høgmælte stynjing skuld heng beini fast ved kjøtet mitt.
  
7. Eg likjest pelikanen i øydemarki, eg er som ula på aude stader.
  
8. Eg ligg vaken og er vorten som ein einsleg fugl på taket.
  
9. Heile dagen spottar mine fiendar meg; dei som reint er ville mot meg, sver ved meg*.
  
10. For eg et oska som brød, og drykken min blandar eg med gråt
  
11. for din vreide og din harm skuld; for du hev lyft meg upp og kasta meg burt.
  
12. Mine dagar er som ein skugge når han lengjest, og sjølv visnar eg som gras.
  
13. Men du, Herre, tronar i all æva, og ditt minne varer frå ætt til ætt.
  
14. Du vil standa upp, du vil miskunna Sion; for det er tid til å vera nådig mot henne, ja, timen er komen.
  
15. For dine tenarar hev godhug for steinane hennar, og dei ynkast yver hennar grus.
  
16. Og heidningane skal ottast Herrens namn, og alle kongar på jordi din herlegdom.
  
17. For Herren hev bygt upp att Sion, han hev synt seg i sin herlegdom.
  
18. Han hev vendt seg til bøni frå dei hjelpelause, og han hev ikkje vanvyrdt deira bøn.
  
19. Dette skal verta uppskrive for den komande ætti, og det folket som vert skapt, skal lova Herren.
  
20. For han hev set ned frå sit heilage høgd, Herren hev frå himmelen skoda ned på jordi
  
21. og vil høyra sukken frå den bundne og løysa daudens born,
  
22. so dei i Sion skal forkynna Herrens namn og hans pris i Jerusalem,
  
23. når folkeslag og kongerike kjem i hop og vil tena Herren.
  
24. Han hev bøygt mi kraft på vegen, han hev korta av mine dagar.
  
25. Eg segjer: Min Gud, tak meg ikkje burt midt i mine dagar! Frå ætt til ætt varer dine år.
  
26. Fordom grunnfeste du jordi, og himlane er verk av dine hender.
  
27. Dei skal forgangast, men du stend; alle skal dei eldast som eit klæde, som ein klædnad skifter du dei, og dei vert umskifte;
  
28. men du er den same, og dine år tek aldri ende.
  
29. Borni åt dine tenarar skal bu i ro, og deira avkjøme skal standa trygt for di åsyn.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES