Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 115

Bible Study - Salmenes 115 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Ikkje oss, Herre, ikkje oss, men ditt namn gjeve du æra for di miskunn, for din truskap skuld!
  
2. Kvifor skal heidningane segja: Kvar er no deira Gud?
  
3. Vår Gud er då i himmelen; alt det han vil, det gjer han.
  
4. Deira avgudar er sylv og gull, eit verk av mannehender.
  
5. Dei hev munn, men talar ikkje; dei hev augo, men ser ikkje;
  
6. dei hev øyro, men høyrer ikkje; dei hev nos, men luktar ikkje.
  
7. Med sine hender kjenner dei ikkje, med sine føter gjeng dei ikkje; dei hev ikkje mål i strupen.
  
8. Som dei sjølve er, vert dei som lagar dei, alle som set si lit til dei.
  
9. Israel, lit på Herren! Han er deira hjelp og skjold.
  
10. Arons hus, lit på Herren! Han er deira hjelp og skjold.
  
11. De som ottast Herren, lit på Herren! Han er deira hjelp og skjold.
  
12. Herren kom oss i hug; han skal velsigna, han skal velsigna Israels hus, han skal velsigna Arons hus,
  
13. han skal velsigna dei som ottast Herren, dei små med dei store.
  
14. Herren late dykk aukast, dykk og dykkar born!
  
15. Velsigna vere de av Herren, han som skapte himmel og jord!
  
16. Himmelen er Herrens himmel, men jordi hev han gjeve mannsborni.
  
17. Dei daude lovar ikkje Herren, ingen av dei som stig ned i helheims-stilla.
  
18. Men me skal lova Herren frå no og til æveleg tid. Halleluja!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES