Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 116

Bible Study - Salmenes 116 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Eg elskar Herren, for han høyrer mi røyst, mine hjartebøner.
  
2. For han hev halla sitt øyra til meg, og alle mine dagar vil eg kalla på han.
  
3. Daudsens reip hadde spent seg um meg, helheims redslor hadde funne meg; naud og sorg fann eg.
  
4. Men eg kalla på Herrens namn: Å Herre, berga mi sjel!
  
5. Herren er nådig og rettferdig, og vår Gud er miskunnsam.
  
6. Herren varar dei einfalde; eg var ein arming, og han frelste meg.
  
7. Kom attende, mi sjel, til di ro! For Herren hev gjort vel imot deg.
  
8. For du fria mi sjel frå dauden, mitt auga frå gråt, min fot frå fall.
  
9. Eg skal ferdast for Herrens åsyn i landi åt dei levande.
  
10. Eg trudde, for eg tala; eg var i stor plaga.
  
11. Eg sa i min reddhug: Kvar mann er ein ljugar!
  
12. Kva skal eg gjeva Herren att for alle hans velgjerningar imot meg?
  
13. Eg vil lyfta frelse-staupet og kalla på Herrens namn.
  
14. Mine lovnader vil eg halda for Herren, og det for augo på alt hans folk.
  
15. Dyr er i Herrens augo dauden åt hans heilage.
  
16. Å Herre! Eg er din tenar, veit du, eg er din tenar, son åt di tenestkvinna; du hev løyst mine band.
  
17. Til deg vil eg ofra takkoffer, og Herrens namn vil eg påkalla.
  
18. Mine lovnader vil eg halda for Herren, og det for augo på alt hans folk,
  
19. i fyregardane til Herrens hus, midt i deg, Jerusalem. Halleluja!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES