|
|
Salmenes, Chapter 12
1. Til songmeisteren, etter Sjeminit*; ein salme av David.
2. Frels, Herre! For dei gudlege er burte, dei trufaste finst ikkje meir millom mannsborni.
3. Lygn talar dei, kvar med sin næste, med smeikjande lippor; med tvihuga hjarta talar dei.
4. Herren rydje ut alle smeikjande lippor, den tunga som talar store ord,
5. dei som segjer: Ved vår tunga skal me sigra; våre lippor er med oss, kven er herre yver oss?
6. Etter di dei arme fer ille, og dei fatige sukkar, vil eg no reisa meg, segjer Herren; eg vil hjelpa dei til frelsa som stundar deretter.
7. Herrens ord er reine ord, liksom sylv som er reinsa i ei deigla i jordi, sju gonger skirt.
8. Du, Herre, vil vara dei, du vil verna dei mot denne ætti for all tid.
9. Rundt um sviv dei ugudlege ikring, når nidingskap vert sett høgt hjå mannsborni.
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|