|
|
Salmenes, Chapter 11
1. Til songmeisteren; av David. Til Herren flyr eg inn; kor kann de då segja til mi sjel: Fly til dykkar fjell som ein fugl?
2. For sjå, dei ugudlege spenner bogen, dei legg si pil på strengen og vil skjota i myrkret på dei ærlege i hjarta.
3. Når grunnvollane vert nedrivne, kva kann då den rettferdige gjera?
4. Herren er i sitt heilage tempel, Herrens kongsstol er i himmelen, hans augo skodar, ein blink av hans augo prøver mannsborni.
5. Herren prøver den rettferdige; men den ugudlege og den som elskar vald, hatar hans sjel.
6. Han let snaror regna ned på dei ugudlege; eld og svovel og glodheit vind vert dei tilmælt i deira staup.
7. For Herren er rettferdig, han elskar rettferd; på den ærlege ser hans åsyn.
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|