|
|
Salmenes, Chapter 121
1. Ein song til høgtidsferdene. Eg lyfter augo mine upp til fjelli; kvar kjem mi hjelp ifrå?
2. Mi hjelp kjem ifrå Herren, han som hev skapt himmelen og jordi.
3. Han skal ikkje lata foten din vera ustød, han skal ikkje blunda, din vaktar.
4. Sjå, han blundar ikkje og søv ikkje, Israels vaktar.
5. Herren er din vaktar, Herren er din skugge ved di høgre hand.
6. Soli skal ikkje stikka deg um dagen, og ikkje månen um natti.
7. Herren skal vara deg frå alt vondt, han skal vara di sjel.
8. Herren skal vara din utgang og din inngang frå no og til æveleg tid.
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|