|
|
Salmenes, Chapter 122
1. Ein song til høgtidsferdene; av David. Glad vart eg då dei sa til meg: Me vil ganga til Herrens hus.
2. Våre føter stend i dine portar, Jerusalem.
3. Jerusalem, du velbygde by, ein by som heng vel i hop,
4. der ættene fer upp, Herrens ætter, etter lovi for Israel, til å prisa Herrens namn.
5. For der er domarstolar sette, stolar for Davids hus.
6. Bed um fred for Jerusalem! Det gange dei vel som elskar deg!
7. Fred vere innanfor din voll og ro i dine salar!
8. For mine brør og vener skuld vil eg segja: Fred vere i deg!
9. For Herrens, vår Guds hus skuld vil eg søkja det som er godt for deg.
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|