Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 136

Bible Study - Salmenes 136 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Prisa Herren, for han er god, hans miskunn varer æveleg.
  
2. Prisa han som er Gud yver alle gudar! For hans miskunn varer æveleg.
  
3. Prisa han som er Herre yver alle herrar! For hans miskunn varer æveleg;
  
4. han, den einaste som gjer store under, for hans miskunn varer æveleg;
  
5. han som gjorde himmelen med vit, for hans miskunn varer æveleg;
  
6. han som strakte jordi yver vatni, for hans miskunn varer æveleg;
  
7. han som gjorde dei store ljos, for hans miskunn varer æveleg,
  
8. soli til å råda um dagen, for hans miskunn varer æveleg,
  
9. månen og stjernone til å råda um natti, for hans miskunn varer æveleg;
  
10. han som slo egyptarane gjenom deira fyrstefødde, for hans miskunn varer æveleg,
  
11. og førde Israel ut frå dei, for hans miskunn varer æveleg,
  
12. med sterk hand og strak arm, for hans miskunn varer æveleg;
  
13. han som skar sund Raudehavet, for hans miskunn varer æveleg,
  
14. og let Israel ganga midt igjenom, for hans miskunn varer æveleg,
  
15. og kasta Farao og heren hans i Raudehavet, for hans miskunn varer æveleg;
  
16. han som førde sitt folk gjenom øydemarki, for hans miskunn varer æveleg;
  
17. han som slo store kongar, for hans miskunn varer æveleg,
  
18. og drap herlege kongar, for hans miskunn varer æveleg,
  
19. Sihon, amoritarkongen, for hans miskunn varer æveleg,
  
20. og Og, Basan-kongen, for hans miskunn varer æveleg,
  
21. og gav deira land til arv, for hans miskunn varer æveleg,
  
22. til arv for Israel, sin tenar, for hans miskunn varer æveleg;
  
23. han som kom oss i hug i vår stakkarsdom, for hans miskunn varer æveleg,
  
24. og reiv oss ut or fiendevald, for hans miskunn varer æveleg;
  
25. han som gjev alt som lever mat, for hans miskunn varer æveleg.
  
26. Prisa Gud i himmelen, for hans miskunn varer æveleg!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES