|
|
Salmenes, Chapter 137
1. Ved Babels elvar, der sat me og gret når me kom Sion i hug.
2. På vier-runnane der i landet hengde me harpone våre;
3. for der bad dei oss syngja, dei som heldt oss fanga, og dei som plaga oss, bad oss vera glade: Syng åt oss av Sions songar!
4. Korleis kann me syngja Herrens song på framand jord?
5. Um eg gløymer deg, Jerusalem, so gjev mi høgre hand må gløyma meg*!
6. Gjev tunga må hanga fast ved gomen min dersom eg ikkje kjem deg i hug, dersom eg ikkje set Jerusalem yver mi høgste gleda!
7. Herre, kom i hug Jerusalems dag og refs Edoms-borni, dei som sa: Riv ned, riv ned, radt ned til grunnen!
8. Babels dotter, du øydelagde! Sæl er den som gjev deg løn for den gjerning du gjorde imot oss.
9. Sæl er den som tek dine småborn og krasar dei imot berget.
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|