|
|
Salmenes, Chapter 138
1. Av David. Eg vil prisa deg av alt mitt hjarta, for augo på gudane* vil eg syngja deg lov.
2. Eg vil kasta meg ned framfor ditt heilage tempel, eg vil prisa ditt namn for di miskunn og din truskap skuld; for du hev gjort ditt ord herleg, meir enn alt ditt namn.
3. Den dagen eg ropa, svara du meg, du gjorde meg hugheil, mi sjel fekk styrke.
4. Herre! Alle kongar på jordi skal prisa deg når dei fær høyra ordi frå din munn.
5. Og dei skal syngja um Herrens vegar; for Herrens æra er stor,
6. for Herren er høg, og han ser til den låge, og den stormodige kjenner han langan veg.
7. Um eg ferdast midt i trengsla, held du meg i live; mot harmen åt mine fiendar retter du ut di hand, og du frelser meg med di høgre hand.
8. Herren vil fullføra sitt verk for meg. Herre, di miskunn varer æveleg; det verk dine hender hev gjort, må du ikkje gjeva upp!
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|