Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 140

Bible Study - Salmenes 140 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Til songmeisteren; ein salme av David.
  
2. Herre, berga meg frå vonde folk, vakta meg for valdsmenner,
  
3. som tenkjer ut vondt i hjarta, som kvar dag samlar seg til strid!
  
4. Dei kvesser tunga si som ein orm, orme-eiter er under lippone deira. Sela.
  
5. Vara meg, Herre, for hendene åt ugudlege folk, vakta meg for valdsmenner, som tenkjest til å få mine føter til fall!
  
6. Ovmodige folk hev lagt løynde fellor og reip for meg, dei hev strakt garn attmed vegen, dei hev sett snaror for meg. Sela.
  
7. Eg segjer til Herren: Du er min Gud; lyd, Herre, på mi bønerøyst!
  
8. Herren, Israels Gud, er mi sterke frelsa; du vernar mitt hovud på væpningsdagen.
  
9. Herre, lat ikkje den ugudlege få det han ynskjer, lat ikkje hans meinråd få framgang! Elles kom dei til å upphøgja seg. Sela.
  
10. Yver hovudet på dei som kringset meg, skal den ulukka koma som deira lippor valdar.
  
11. Glør skal ein rista ned yver dei; i elden skal han kasta dei, i djupe vatn, so dei ikkje kann reisa seg.
  
12. Ein munnkåt mann skal ikkje standa lenge i landet; den vonde valdsmannen skal han jaga med slag på slag.
  
13. Eg veit at Herren skal greida saki for armingen og hjelpa dei fatige so dei fær rett.
  
14. Ja, dei rettferdige skal prisa ditt namn, dei ærlege skal bu for di åsyn.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES