Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 141

Bible Study - Salmenes 141 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Ein salme av David. Herre, eg ropar på deg, skunda deg til meg! Vend øyra til mi røyst, no eg ropar til deg!
  
2. Lat bøni mi gjelda som røykoffer for di åsyn, mine upplyfte hender som kvelds-matoffer!
  
3. Herre, set vakt for munnen min, vara mi lippe-dør!
  
4. Bøyg ikkje mitt hjarta til noko vondt, til å gjera ugudlege gjerningar saman med menn som gjer urett, og lat meg ikkje eta av deira lostemat!
  
5. Lat ein rettferdig slå meg i kjærleik og tukta meg! Slik hovudolje skal ikkje mitt hovud forsmå! Um det varer, so set eg mi bøn mot deira vondskap.
  
6. Deira domarar vert støytte utfor fjellveggen, og sjølve skynar dei at mine ord var ljuvlege.
  
7. Som når ein pløgjer og skjer upp jordi, so ligg beini våre spreidde ikring attmed helheims-porten.
  
8. For upp til deg, Herre, Herre, ser mine augo, til deg flyr eg; tøm ikkje ut mi sjel!
  
9. Vara meg for fella dei hev sett for meg, og for snarone åt dei som gjer urett!
  
10. Lat dei ugudlege falla i sine eigne garn, medan eg gjeng uskadd framum!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES