|
|
Salmenes, Chapter 149
1. Halleluja! Syng Herren ein ny song, hans lov i samlingi av dei gudlege!
2. Israel glede seg i sin skapar, Sions born frygde seg for sin konge!
3. Dei skal lova hans namn med dans, syngja for han til pauka og citar.
4. For Herren hev hugnad i sitt folk, han pryder dei spaklyndte med frelsa.
5. Dei gudlege skal frygda seg i herlegdom, dei skal ropa av fagnad på sine lægje.
6. Lovsong for Gud er i deira munn og eit tvieggja sverd i deira hand,
7. til å fullføra hemn yver heidningane, refsing yver folkeslagi,
8. til å binda deira kongar med lekkjor og deira storfolk med jarnband,
9. til å fullføra fyreskriven dom yver dei. Ei æra er dette for alle hans trugne. Halleluja!
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|