Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 148

Bible Study - Salmenes 148 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Halleluja! Lova Herren frå himmelen, lova han i det høge!
  
2. Lova han, alle hans englar, lova han, all hans her!
  
3. Lova han, sol og måne, lova han, alle lysande stjernor!
  
4. Lova han, de himle-himlar og de vatn som er uppyver himlane!
  
5. Dei skal lova Herrens namn; for han baud, og dei vart skapte,
  
6. og han sette dei på staden deira for alltid og æveleg, han gav ei lov som ingen av dei bryt.
  
7. Lova Herren frå jordi, de store sjødyr og alle djup,
  
8. eld og hagl, snø og eim, du storm, som set hans ord i verk,
  
9. de fjell og alle haugar, aldetre og alle sedrar,
  
10. de villdyr og alt fe, krekande dyr og fljugande fuglar,
  
11. de kongar på jordi og alle folk, de hovdingar og alle domarar på jordi,
  
12. de unge gutar og gjentor, de gamle med dei unge!
  
13. Dei skal lova Herrens namn; for berre hans namn er høgt, hans herlegdom er yver jord og himmel,
  
14. og han hev lyft upp eit horn for sitt folk til ein lovsong for alle sine trugne, for Israels born, det folk som er han nær. Halleluja!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES