Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 19

Bible Study - Salmenes 19 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Til songmeisteren; ein salme av David.
  
2. Himlane fortel Guds æra, og kvelven forkynner kva hans hender hev gjort.
  
3. Ein dag let sin tale strøyma ut til den andre, og ei natt forkynner den andre sin kunnskap.
  
4. Der er ikkje tale, der er ikkje ord; deira røyst* vert ikkje høyrd.
  
5. Ut yver all jordi gjeng deira mælesnor*, og til heimsens ende deira ord. Åt soli hev han sett eit tjeld på dei.
  
6. Og ho er lik ein brudgdom som gjeng ut or sin kove, gled seg som ei kjempa til å renna sitt skeid.
  
7. Frå enden av himmelen er hennar utgang, og hennar umlaup til andre enden av han, og ingen ting er duld for hennar hete.
  
8. Herrens lov er fullkomi, ho kveikjer sjeli; Herrens vitnemål er trufast, det gjer den einfalde vis.
  
9. Herrens fyresegner er rette, dei gled hjarta; Herrens bodord er reint, det lyser upp augo.
  
10. Herrens age er rein, han stend æveleg ved lag; Herrens lover er sanning, dei er rettferdige alle saman.
  
11. Dei er kostelegare enn gull, ja fint gull i mengd, og søtare enn honning, ja honning som dryp or vokskakone.
  
12. Din tenar vert ogso påmint ved dei; den som held dei, hev stor løn.
  
13. Kven merkar kor tidt han fer vilt? Forlat meg mine løynlege brester!
  
14. Haldt og din tenar frå skamlege synder, lat dei ikkje få makt yver meg! So vert eg ulastande og utan skuld for store misgjerningar.
  
15. Lat talen i min munn og tanken i mitt hjarta vera til hugnad for di åsyn, Herre, du mitt berg og min atterløysar!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES