1. Til songmeisteren; ein salme av David.
2. Herren bønhøyre deg på trengsledagen, namnet åt Jakobs Gud berge deg!
3. Gjev han må senda deg hjelp frå heilagdomen og stydja deg frå Sion!
4. Gjev han må minnast alle dine matoffer og finna ditt brennoffer godt. Sela.
5. Han gjeve deg etter ditt hjarta og fullføre alle dine råder!
6. Gjev me fekk fagna oss ved di frelsa og lyfta sigermerket i vår Guds namn! Herren uppfylle alle dine bøner!
7. No veit eg at Herren frelser den han hev salva; han svarar han frå sin heilage himmel med frelsande storverk av si høgre hand.
8. Hine prisar vogner, hine prisar hestar, men me prisar namnet åt Herren vår Gud.
9. Dei sig i kne og fell, men me stend og held oss uppe.
10. Herre, frels! Kongen svare oss den dag me ropar!
|