Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 36

Bible Study - Salmenes 36 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Til songmeisteren; av David, Herrens tenar.
  
2. Dei ord som syndi gjev den ugudlege inn, er i mitt inste hjarta*. Ingen otte for Gud er det for hans augo.
  
3. For han tykkjer det er ei æra når ein finn hans synd, når ein hatar han.
  
4. Ordi i hans munn er urett og svik; han hev halde upp å fara visleg åt, å gjera godt.
  
5. Han tenkjer upp urett på sitt lægje; han stig ut på ein veg som ikkje er god; han styggjest ikkje frå det vonde.
  
6. Herre, til himmelen når di miskunn, din truskap upp til dei høge skyer.
  
7. Di rettferd er som veldige fjell, dine domar er ei stort havdjup; menneske og dyr frelser du, Herre!
  
8. Kor dyrverdig er di miskunn, Gud! Mannsborni flyr inn i skuggen av dine venger.
  
9. Dei vert mette til fullnad av det feite i ditt hus, og av din yverflødande fagnad gjev du dei å drikka.
  
10. For hjå deg er livsens kjelda, i ditt ljos ser me ljos.
  
11. Lat di miskunn vara lenge for dei som kjenner deg, og di rettferd for dei ærlege i hjarta!
  
12. Lat ikkje foten åt den ovmodige koma yver meg, og handi åt dei ugudlege ikkje jaga meg burt!
  
13. Der fell dei som gjer urett; dei vert støytte ned og kann ikkje reisa seg.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES