Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 37

Bible Study - Salmenes 37 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Av David. Vreidast ikkje yver illgjerningsmennene, harmast ikkje på dei som gjer urett!
  
2. For liksom graset vert dei brått avskorne, og som grøne urter visnar dei burt.
  
3. Lit på Herren og gjer det gode, bu i landet og legg vinn på truskap!
  
4. Og hugnast i Herren! So skal han gjeva deg det som ditt hjarta ynskjer.
  
5. Gjev Herren din veg i vald og lit på han! Han skal gjera det;
  
6. han skal lata di rettferd ganga fram som ljoset og din rett som middagsklåren.
  
7. Ver still for Herren og venta på han! Vreidast ikkje yver den som hev lukka på sin veg, den mannen som legg upp meinråder!
  
8. Haldt deg frå vreide og lat harm fara, vreidast ikkje! Det er berre til å gjera ilt.
  
9. For illgjerningsmenner skal verta utrudde, men dei som ventar på Herren, dei skal erva landet.
  
10. Og um ei liti stund er den ugudlege ikkje til meir, og legg du merke til staden hans, so er han der ikkje.
  
11. Men dei spaklyndte skal erva landet og hugnast ved mykjen fred.
  
12. Den ugudlege tenkjer upp vondt imot den rettferdige og skjer tenner imot han.
  
13. Herren lær åt han; for han ser at hans dag kjem.
  
14. Dei ugudlege dreg sverdet og spenner bogen, vil fella den arme og fatige og myrda dei som fer ærleg fram.
  
15. Sverdet skal råma dei sjølve i hjarta og bogane verta brotne sund.
  
16. Betre er det vesle den rettferdige hev, enn mykje gods hjå mange ugudlege.
  
17. For armane skal brjotast på dei ugudlege, men Herren styd dei rettferdige.
  
18. Herren kjenner dagane åt dei ulastande, og deira arv skal vara til æveleg tid.
  
19. Dei skal ikkje verta til skammar i den vonde tid, og i hungers dagar skal dei verta mette.
  
20. For dei ugudlege skal ganga til grunns og Herrens fiendar som blomeskrud på engjar; dei kverv, dei kverv som røyk.
  
21. Den ugudlege låner og gjev ikkje att, men den rettferdige gjer miskunn og gjev.
  
22. For dei han* velsignar, skal erva landet; men dei han forbannar, skal verta utrudde.
  
23. Herren gjer ein manns steg faste, og han hev hugnad i hans veg.
  
24. Når han snåvar, stuper han ikkje; for Herren styd hans hand.
  
25. Eg hev vore ung og vorte gamal, men aldri hev eg set den rettferdige forlaten eller hans born beda um brød.
  
26. Heile dagen gjer han miskunn og låner ut, og hans born vert velsigna.
  
27. Vik frå det vonde og gjer det gode, so vert du buande* til æveleg tid.
  
28. For Herren elskar rett og forlet ikkje sine trugne; til æveleg tid vert dei haldne uppe. Men avkjømet åt dei ugudlege vert utrudt.
  
29. Dei rettferdige skal erva landet og bu i det til æveleg tid.
  
30. Rettferdig manns munn talar visdom, og hans tunga segjer det som rett er.
  
31. Hans Guds lov er i hans hjarta, hans steg er ikkje ustøde.
  
32. Den ugudlege lurer på den rettferdige og freistar å få drepe han.
  
33. Herren gjev han ikkje i hans hand, og fordømer han ikkje når han vert dømd.
  
34. Venta på Herren og haldt deg på hans veg! So skal han upphøgja deg til å erva landet; du skal sjå på at dei ugudlege vert utrudde.
  
35. Eg såg ein ugudleg ovriken mann, og han breidde seg ut som eit heimevakse tre med sitt grøne lauv;
  
36. men han gjekk burt, og sjå, han var ikkje meir, og eg leita etter han, men han vart ikkje funnen.
  
37. Akta på den ulastande mann, og sjå på den rett-tenkte! for freds mann hev ei framtid;
  
38. men lovbrjotarane vert alle saman utøydde, framtidi vert avskori for dei ugudlege.
  
39. Og frelsa for dei rettferdige kjem frå Herren, deira sterke vern i trengsletidi.
  
40. Og Herren hjelper dei og friar dei ut, han friar dei frå dei ugudlege og frelser dei, for dei flyr til han.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES