Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 38

Bible Study - Salmenes 38 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Ein salme av David; til minne.
  
2. Herre, refs meg ikkje i din vreide, og tukta meg ikkje i din harm!
  
3. For dine piler hev råma meg, og di hand hev falle tungt på meg.
  
4. Det finst inkje friskt i mitt kjøt for din vreide skuld, det er ingen fred i mine bein for mi synd skuld.
  
5. For mine misgjerningar stig meg yver hovudet, som ei tung byrd er dei meg for tunge.
  
6. Det tevjar av mine sår, dei renn av verk for min dårskap skuld.
  
7. Eg er krøkt, reint samanbøygd, heile dagen gjeng eg syrgjeklædd.
  
8. For mine lender er fulle av brand, og det finst inkje frisk i mitt kjøt.
  
9. Eg er valen og reint sundslegen, eg skrik høgt av hjartestynjing.
  
10. Herre, for di åsyn er alt mitt ynske, og min sukk er ikkje løynd for deg.
  
11. Mitt hjarta slær hardt, mi kraft hev forlate meg, og jamvel mine augo hev mist sitt ljos for meg.
  
12. Mine vener og frendar held seg undan frå mi plaga, og mine næmaste stend langt burte.
  
13. Dei som stend meg etter livet, legg ut snaror, og dei som søkjer mi ulukka, talar um undergang, og på svik tenkjer dei heile dagen.
  
14. Og eg er som ein dauv, eg høyrer ikkje, og liksom ein mållaus, som ikkje let upp sin munn.
  
15. Ja, eg er som ein mann som ikkje høyrer, og som ikkje hev motmæle i sin munn.
  
16. For til deg, Herre, stend mi von; du vil svara, Herre min Gud!
  
17. For eg segjer: Dei vil elles gleda seg yver meg; når min fot vert ustød, høgmodast dei yver meg.
  
18. For eg er nær på å falla, og min hugverk er stendigt framfor meg.
  
19. For eg lyt sanna mi misgjerning, eg syrgjer yver mi synd.
  
20. Og mine fiendar lever, dei er mannsterke, og dei er mange som hatar meg utan årsak
  
21. Og dei som løner godt med vondt, stend meg imot, av di eg fer etter det gode.
  
22. Forlat meg ikkje, Herre! Min Gud, ver ikkje langt ifrå meg!
  
23. Skunda deg og hjelp meg, Herre, mi frelsa!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES