|
|
Salmenes, Chapter 4
1. Til songmeisteren, med strengleik; ein salme av David.
2. Når eg ropar, so svara meg, du Gud som er rettferd! I trengsla hev du gjeve meg rom hev høyrt mitt gråtmål.
3. De velduge menn! Kor lenge skal mi æra vera til spott? Kor lenge vil de elska fåfengd, fara etter lygn? Sela.
4. Vit då at Herren hev kåra seg ein som er gudleg! Herren høyrer når eg ropar til han.
5. Harmast, men synda ikkje! Tenk etter i dykkar hjarta på lægjet dykkar og ver stille! Sela.
6. Ber fram rettferds offer, og set dykkar lit til Herren!
7. Mange segjer: Kven vil syna oss noko godt? Lyft du yver oss ljoset frå di åsyn, Herre!
8. Du hev gjeve meg større gleda i mitt hjarta enn dei hev når deira korn og vin fell rikleg.
9. I fred vil eg både leggja meg ned og sovna; for du, Herre, let meg einsaman bu i trygd.
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|