Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 5

Bible Study - Salmenes 5 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Til songmeisteren, til Nehilot*; ein salme av David.
  
2. Vend øyra til mine ord, Herre, gjev gaum etter min tanke!
  
3. Lyd til mitt naudrop, min konge og min Gud! For til deg bed eg.
  
4. Herre, um morgonen høyre du mi røyst; um morgonen legg eg mi sak fram for deg og ventar.
  
5. For du er ikkje ein Gud som hev hugnad i ugudleg åtferd; den vonde fær ikkje bu hjå deg.
  
6. Dei ovmodige fær ikkje stiga fram for dine augo; du hatar alle som gjer urett.
  
7. Du let dei som talar lygn, ganga til grunns; den blodgjeruge og falske mann styggjest Herren ved.
  
8. Men eg gjeng ved di store miskunn inn i ditt hus, eg kastar meg på kne framfor ditt heilage tempel med otte for deg.
  
9. Herre, leid meg ved di rettferd for mine motstandarar skuld, jamna din veg for mi åsyn!
  
10. For det finst ikkje sanning i deira munn; det indre i dei er tyning; strupen deira er ei opi grav; tunga si gjer dei hål.
  
11. Døm dei skuldige, Gud! Lat dei falla for sine eigne meinråder, støyt dei ned for deira mange misgjerningar! For dei set seg upp mot deg.
  
12. Då skal dei gleda seg alle som flyr til deg; til æveleg tid skal dei fagna seg høgt, og du skal verna um dei; og dei som elskar ditt namn, skal frygda seg i deg.
  
13. For du, Herre, velsignar den rettferdige; du vernar han med nåde som med ein skjold.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES