Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 41

Bible Study - Salmenes 41 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Til songmeisteren; ein salme av David.
  
2. Sæl er den som ser til vesalmannen; på den vonde dag skal Herren frelsa han.
  
3. Herren skal verja han og halda han i live; han skal verta lukkeleg i landet, og du skal visst ikkje yvergjeva han til hans mordgjeruge fiendar.
  
4. Herren skal stydja han på sottesengi; all hans lega lagar du um i hans sjukdom.
  
5. Eg segjer: Herre, ver meg nådig, læk mi sjel! for eg hev synda mot deg.
  
6. Mine fiendar talar vondt um meg: Når skal han døy, og hans namn forgangast?
  
7. Og um ein kjem og vil sjå til meg, so talar han falske ord; hans hjarta sankar seg vondskap saman, og so gjeng han ut og talar um det.
  
8. Alle som hatar meg, kviskrar saman imot meg; dei tenkjer upp imot meg slikt som er meg til skade:
  
9. Ei illgjerning heng ved han, og han som ligg der, skal ikkje meir standa upp.
  
10. Ja, endå den som eg levde i fred med, som eg sette lit til, som åt mitt brød, hev lyft sin hæl imot meg.
  
11. Men du, Herre, ver meg nådig og hjelp meg upp! So vil eg gjeva dei lika for det.
  
12. På dette kjenner eg at du hev hugnad i meg, at min fiende ikkje fær setja i glederop yver meg.
  
13. Og meg held du uppe i mi uskyld og set meg for di åsyn til æveleg tid.
  
14. Lova vere Herren, Israels Gud, frå æva til æva! Amen, amen.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES