Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 42

Bible Study - Salmenes 42 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Til songmeisteren; ein song til lærdom, av Korahs born.
  
2. Som ein hjort styn etter rennande bekker, so styn mi sjel etter deg, min Gud!
  
3. Mi sjel tyrster etter Gud, etter den levande Gud. Når skal eg koma og te meg for Guds åsyn?
  
4. Mine tåror er min mat dag og natt, av di dei all dagen segjer til meg: Kvar er din Gud?
  
5. Dette lyt eg koma i hug og tøma ut mi sjel i meg: korleis eg drog fram i manntrongen og vandra med dei til Guds hus med fagnadrøyst og lovsong, ein høgtidleg folkestraum.
  
6. Kvi er du nedbøygd, mi sjel, og bruser i meg? Venta på Gud! for eg skal endå lova han for frelsa frå hans åsyn.
  
7. Min Gud! Mi sjel er nedbøygd i meg; difor kjem eg deg i hug frå Jordan-landet og Hermon-høgdene, frå det vesle fjellet*.
  
8. Vassflod ropar til vassflod ved duren av dine fossar; alle dine brotsjøar og båror slær yver meg.
  
9. Um dagen sender Herren si miskunn, og um natti er hans song hjå meg, bøn til mitt livs Gud.
  
10. Eg lyt segja til Gud, mitt berg: Kvi hev du gløymt meg? Kvi skal eg ganga syrgjeklædd under fiendetrykk?
  
11. Det er som mine bein vart knasa, når mine fiendar spottar meg, med di dei heile dagen segjer til meg: Kvar er din Gud?
  
12. Kvi er du nedbøygd, mi sjel, og kvi bruser du i meg? Venta på Gud! for eg skal endå lova han, mi åsyns frelsa og min Gud.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES