1. Til songmeisteren, etter "Liljor"*; av Korahs born; ein salme til lærdom, ein song um kjærleik.
2. Mitt hjarta fløder yver med yndelege ord; eg segjer: Mitt kvede er um ein konge; mi tunga er ein snarhendt skrivars griffel.
3. Du er den fagraste av mannsborni, ynde er utrend på dine lippor; difor hev Gud velsigna deg til æveleg tid.
4. Bitt til lendi ditt sverd, du veldige, di høgd og din herlegdom!
5. Og far i din herlegdom sigrande fram for sanning og rettferdigt spaklynde! Og di høgre hand skal læra deg agelege storverk.
6. Din piler er kveste, folkeslag fell under deg, dei gjeng inn i hjarta på kongens fiendar.
7. Din kongsstol, Gud, stend æveleg og alltid; ein kongsstav med rettvisa er kongsstaven i ditt rike.
8. Du elskar rettferd og hatar gudløysa, difor hev Gud, din Gud, salva deg med fagnads olje framfor dine medbrør.
9. Av myrra og aloë og kassia angar alle dine klæde; frå filsbeinslott fagnar deg strengleik.
10. Kongsdøtter er millom dine utvalde; dronningi stend ved di høgre hand i gull frå Ofir.
11. Høyr, dotter, og gjev gaum og halla øyra til, og gløym ditt folk og ditt farshus,
12. og lat kongen hava hugnad i din fagerleik! For han er din herre, og du skal falla ned for han.
13. Og Tyrus' dotter skal søkja ditt ynde med gåvor - rikmennene i folket.
14. Ovleg prud er kongsdotteri der inne; hennar klædnad er gjenomvoven med gull.
15. I utsauma bunad vert ho leidd til kongen; møyar, hennar vener, fylgjer henne; dei vert førde inn til deg.
16. Dei vert leidde fram med gleda og fagnad, dei gjeng inn i kongsslottet.
17. I staden for dine feder skal dine søner koma; du skal setja dei til hovdingar utyver heile jordi.
18. Eg vil prisa ditt namn millom alle ætter; difor skal folki lova deg æveleg og alltid.
|