Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 46

Bible Study - Salmenes 46 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Til songmeisteren; av Korahs born, etter Alamot*; ein song.
  
2. Gud er vår hyggja og vår styrke, ei hjelp i trengslor, røynd og funni stor.
  
3. Difor ottast me ikkje, um so jordi vert umskift, og um fjelli ragar i havsens hjarta,
  
4. um havbårone dyn og skumar, og fjelli skjelv for deira ofse. Sela.
  
5. Der er ei å, hennar bekker gled Guds by, den heilage stad der den Høgste bur.
  
6. Gud er midt i han, so han skal ikkje rugga; Gud hjelper han i morgonlysingi.
  
7. Folkeslag rasa, rike vart rikka; han let si røyst ljoda, jordi bråna.
  
8. Herren, allhers Gud, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. Sela.
  
9. Kom og sjå Herrens storverk, som hev gjort øydeleggjing på jordi.
  
10. Han gjer ende på herferder yver all jordi, bryt bogen sund og høgg spjotet av; stridsvognene brenner han upp i eld.
  
11. Hald upp og kjenn at eg er Gud! Eg er upphøgd millom folki, upphøgd på jordi.
  
12. Herren, allhers Gud, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. Sela.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES