Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 50

Bible Study - Salmenes 50 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Ein salme av Asaf. Den Allmektige, Gud Herren, talar og kallar på jordi frå solekoma til soleglad.
  
2. Frå Sion, fagerleiks kruna, strålar Gud fram.
  
3. Vår Gud kjem og skal ikkje tegja. For hans åsyn gjeng etande eld, og ikring han stormar det sterkt.
  
4. Han kallar på himmelen ovantil og på jordi til å døma sitt folk:
  
5. Samla til meg mine trugne, som hev gjort pakt med meg um offer!
  
6. Og himmelen kunngjer hans rettferd; for Gud er den som skal halda dom. Sela.
  
7. Høyr, mitt folk, eg vil tala, Israel, eg vil vitna for deg; Gud, din Gud, er eg.
  
8. Ikkje for dine offer vil eg straffa deg; dine brennoffer er alltid framfor meg.
  
9. Eg vil ikkje taka uksar frå ditt hus eller bukkar frå dine grindar.
  
10. For meg høyrer alle dyr i skogen til, dyri på fjelli i tusundtal.
  
11. Eg kjenner alle fuglar på fjelli, og det som rører seg på marki, er meg for augo.
  
12. Um eg var hungrig, vilde eg ikkje segja det til deg; for meg høyrer jordriket til med alt det som fyller det.
  
13. Skulde eg eta kjøt av uksar og drikka blod av bukkar?
  
14. Ofra lov og takk til Gud og gjev den Høgste det du hev lova,
  
15. og kalla på meg den dag du er i naud, so vil eg fria deg ut, og du skal prisa meg.
  
16. Men til den ugudlege segjer Gud: Kva hev du med å fortelja um mine lover og taka mi pakt i din munn,
  
17. etter di du hatar tukt og kastar mine ord attum deg?
  
18. Når du ser ein tjuv, er du gjerne med han, og med horkarar slær du lag.
  
19. Din munn slepper du laus med det som vondt er, og di tunga spinn i hop svik.
  
20. Du sit og talar imot bror din, du baktalar son åt mor di.
  
21. Dette gjorde du, og eg tagde; so tenkte du eg var liksom du sjølv; men eg vil straffa deg og setja det fram for augo dine.
  
22. Gjev gaum etter dette, de som gløymer Gud, so eg ikkje skal riva sund, og ingen frelser!
  
23. Den som ofrar meg takk, han ærar meg, og den som gjeng den rette veg, han vil eg lata sjå Guds frelsa!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES