Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 49

Bible Study - Salmenes 49 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Til songmeisteren; av Korahs born; ein salme.
  
2. Høyr dette, alle folk, vend øyra til, alle de som bur i verdi,
  
3. både låge og høge, rike og fatige, alle saman!
  
4. Min munn skal tala visdom, og det som mitt hjarta tenkjer upp, er vit.
  
5. Eg vil halla mitt øyra til fyndord, eg vil segja fram mi gåta til harpeljod.
  
6. Kvi skal eg ottast i dei vonde dagar, når vondskap av mine forfylgjarar kringset meg,
  
7. dei som set si lit til sitt gods og rosar seg av sin store rikdom?
  
8. Ein mann kann ikkje løysa ut ein bror, kann ikkje gjeva Gud løysepengar for han
  
9. - utløysingi av deira liv er for dyr, og han lyt lata det vera til æveleg tid -
  
10. so han skulde halda ved å leva for alltid og ikkje sjå gravi.
  
11. Nei, han skal få sjå henne. Vismenner døyr, dåre og fåviting gjeng burt alle saman og let sitt gods etter seg til andre.
  
12. Einaste tanken i deira hjarta er at deira hus skal standa æveleg, deira bustader frå ætt til ætt; dei kallar sin jorder etter sine namn.
  
13. Men eit menneske i herlegdom vert ikkje verande; han er lik dyri, som gjeng til grunns.
  
14. So gjeng det dei som er fulle av tru til seg sjølve, og dei som fylgjer etter dei og likar deira tale. Sela.
  
15. Som sauer vert dei førde ned i helheimen, dauden gjæter dei, og dei trurøkne råder yver dei, når morgonen renn; og deira skapnad vert øydelagd av helheimen, so dei hev ingen heimstad lenger.
  
16. Men Gud skal løysa ut mi sjel or helheims vald; for han skal taka meg til seg. Sela.
  
17. Ottast ikkje når ein mann vert rik, når hans hus kjem til stor herlegdom!
  
18. For han skal ingen ting taka med seg når han døyr; hans herlegdom skal ikkje fara ned etter han.
  
19. Um han og velsignar si sjel i si livstid, og dei prisar deg for di du gjer deg gode dagar,
  
20. so skal du då koma til di fedreætt, dei som ikkje ser ljose i all æva.
  
21. Eit menneske i herlegdom, som ikkje hev vit, er lik dyri, som gjeng til grunns.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES