Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 55

Bible Study - Salmenes 55 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Til songmeisteren, med strengeleik; ein salme til lærdom av David.
  
2. Gud, vend øyra til mi bøn, og løyn deg ikkje for mi naudbeding!
  
3. Gjev gaum etter meg og svara meg! Mine sorgfyllte tankar fer hit og dit, og eg lyt stynja
  
4. for rop frå fienden, for trykk frå den ugudlege; for dei velter vondt yver meg, og i vreide forfylgjer dei meg.
  
5. Mitt hjarta skjelv i min barm, og dauderedslor hev falle på meg.
  
6. Otte og skjelving kjem yver meg, og fæla legg seg på meg.
  
7. Og eg segjer: Gjev eg hadde venger som duva! Då skulde eg fljuga burt og finna ein bustad.
  
8. Sjå, eg vilde fly langt burt, eg vilde finna herbyrge i øydemarki. Sela.
  
9. Eg vilde skunda meg i livd for den føykjande vinden, for stormen.
  
10. Gløyp dei, Herre, kløyv deira tungemål! For eg ser vald og kiv i byen.
  
11. Dag og natt gjeng dei kringum han på murane, og naud og ulukka råder der inne.
  
12. Tjon råder der inne, og vald og svik vik ikkje frå torget.
  
13. For ikkje ein fiende er det som hæder meg - det kunde eg tola; ikkje min uven er det som briskar seg mot meg - då kunde eg gøyma meg for han;
  
14. men du er det, du som var min likemann, min ven og min kjenning -
  
15. me som hadde hugleg samråd med kvarandre, som gjekk til Guds hus i det glade festfylgjet.
  
16. Lat øyding koma yver dei! Lat dei fara ned til helheimen levande! For vondskap råder i deira bustad, i deira hjarta.
  
17. Eg vil ropa til Gud, og Herren skal frelsa meg.
  
18. Kveld og morgon og middag vil eg klaga og sukka, so høyrer han mi røyst.
  
19. Han løyser ut mi sjel frå striden mot meg og gjev meg fred; for mange er dei mot meg.
  
20. Gud skal høyra og svara* dei - han tronar då frå fordoms tid, sela - dei som ikkje vil verta annarleis og som ikkje ottast Gud.
  
21. Han* legg hand på folk som held fred med han, han vanhelgar si pakt.
  
22. Ordi frå hans munn er håle som smør, men hans hjarta tenkjer på strid. Hans ord er mjukare enn olje, og dei er då dregne sverd.
  
23. Kasta byrdi di på Herren! Han skal halda deg uppe; han skal i all æva ikkje lata den rettferdige verta rikka.
  
24. Og du, Gud, skal støyta dei ned i den djupe grav; blodgjeruge og falske menner skal ikkje nå til helvti av si levetid; men eg set mi lit til deg.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES