Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 56

Bible Study - Salmenes 56 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Til songmeisteren, etter "Den mållause duva langt burte"*; av David; ein miktam då filistarane tok han i Gat**.
  
2. Ver meg nådig, Gud! for menneske vil sluka meg; heile dagen trengjer dei meg med strid.
  
3. Mine fiendar freistar å sluka meg heile dagen; for mange er dei som i stormod strider imot meg.
  
4. Den dagen då eg ottast, set eg mi lit til deg.
  
5. Ved Gud prisar eg hans ord; til Gud set eg lit, eg ottast ikkje; kva skulde kjøt kunna gjera meg?
  
6. Heile dagen rengjer dei mine ord; alle deira tankar er imot meg til det som vondt er.
  
7. Dei slær seg saman, dei lurer, dei vaktar på mine steg, av di dei trår etter livet mitt.
  
8. Skulde dei med sin vondskap koma seg undan? Gud, støyt folkeslag ned i vreide!
  
9. Du hev talt kor ofte eg hev fare på flukt; mine tåror er gøymde i di flaska; stend dei ikkje i di bok?
  
10. Då skal mine fiendar venda attende, den dagen eg ropar; det veit eg at Gud er med meg.
  
11. Ved Gud prisar eg ordet; ved Herren prisar eg ordet.
  
12. Til Gud set eg lit, eg ottast ikkje; kva kann eit menneske gjera meg?
  
13. Gud, eg hev lovnader på meg til deg; eg vil løysa dei med takkoffer til deg.
  
14. For du hev berga mi sjel frå dauden, ja mine føter frå fall, so eg kann ferdast for Guds åsyn i ljoset åt dei levande.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES