|
|
Salmenes, Chapter 6
1. Til songmeisteren, med strengleik, etter Sjeminit*; ein salme av David.
2. Herre, refs meg ikkje i din vreide og tukta meg ikkje i din harm!
3. Ver meg nådig, Herre! for eg er burtvisna. Læk meg, Herre! for mine bein er forfærde,
4. og mi sjel er storleg skjelvredd; og du, Herre, kor lenge?
5. Vend deg um att, Herre, fria ut mi sjel, frels meg for di miskunn skuld!
6. For i dauden kjem ingen deg i hug; kven vil prisa deg i helheimen?
7. Eg er trøytt av mine sukkar; eg bløyter mi seng kvar natt, med mine tåror væter eg mitt lægje.
8. Mitt auga er upptært av hugverk; det er gamalt vorte for alle mine fiendar skuld.
9. Vik ifrå meg, alle de som gjer urett! For Herren
10. Herren hev høyrt mi naudbeding, Herren tek imot mi bøn.
11. Alle mine fiendar skal verta skjemde og storleg forfærde; dei skal vika attende, verta skjemde i ein augneblink.
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|