Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 60

Bible Study - Salmenes 60 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Til songmeisteren; etter Sjusjan edut*; ein miktam av David til å læra,
  
2. då han stridde med syrarane frå Mesopotamia og syrarane frå Soba, og Joab kom att og slo tolv tusund edomitar i Saltdalen.
  
3. Gud! Du hev støytt oss burt, du hev slege oss og drive oss frå kvarandre, du var vreid; kveik oss upp att!
  
4. Du hev fenge jordi til å skjelva og rivna; bøt no brestene, for ho stend ikkje stødt!
  
5. Du hev late folket ditt sjå harde ting, du hev skjenkt oss vin so me tumla.
  
6. Men du hev gjeve dei som ottast deg, eit hermerke til uppreising, for sanning skuld. Sela.
  
7. For at dei du elskar, må verta frelste, so hjelp no med di høgre hand og bønhøyr oss!
  
8. Gud hev tala i sin heilagdom. Eg vil fagna meg; eg vil skifta ut Sikem, og Sukkotdalen vil eg mæla.
  
9. Meg høyrer Gilead til, og meg høyrer Manasse til, og Efra'im er vern for mitt hovud, Juda er min styrarstav.
  
10. Moab er mitt vaskefat, på Edom kastar eg skoen min; ropa høgt av fagnad for meg du Filistar-land!
  
11. Kven vil føra meg til den faste by? Kven leider meg til Edom?
  
12. Er det ikkje du, Gud, du som støytte oss burt, du, Gud, som ikkje drog ut med våre herar?
  
13. Gjev oss hjelp imot fienden for mannehjelp er fåfengd!
  
14. Med Guds hjelp skal me gjera storverk, og han skal trakka ned våre fiendar.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES