Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 59

Bible Study - Salmenes 59 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Til songmeisteren; "Tyn ikkje"*; av David; ein miktam, då Saul sende folk som gjætte på huset og vilde drepa han**.
  
2. Fria meg frå mine fiendar, min Gud, verna meg mot dei som stend upp imot meg,
  
3. fria meg frå dei som gjer urett, og berga meg frå blodgjeruge menner!
  
4. For sjå, dei ligg på lur og vil taka mitt liv; sterke menner slær seg saman imot meg, Herre, utan misgjerning og utan synd hjå meg.
  
5. Utan at eg hev forbrote meg, renner dei fram og gjer seg reiduge. Vakna og møt meg, og sjå!
  
6. Ja du, Herre, allhers Gud, Israels Gud, vakna til å heimsøkja alle heidningar, ver ikkje nådig mot nokon av dei falske nidingar! Sela.
  
7. Dei kjem att um kvelden; dei hyler som hundar og renner kring i byen.
  
8. Sjå, det gøyser ord ut or munnen deira, der er sverd i deira lippor; for kven høyrer det?
  
9. Men du, Herre, lær åt dei, du spottar alle heidningar.
  
10. Mot hans makt* vil eg venta på deg; for Gud er mi borg.
  
11. Min Gud vil møta meg med si miskunn, Gud vil lata meg sjå med lyst på mine fiendar.
  
12. Drep dei ikkje, so ikkje mitt folk skal gløyma det! Lat dei ved di makt flakka heimlause ikring og støyt dei ned, du Herre, vår skjold!
  
13. Kvart ord på deira lippor er ei synd i deira munn; lat dei so verta fanga i sitt ovmod og for den banning og lygn som dei talar.
  
14. Gjer ende på dei i vreide, gjer ende på dei, so dei ikkje meir er til, og lat dei vita at det er Gud som råder i Jakob, alt til endane av jordi! Sela.
  
15. Og dei kjem att um kvelden, hyler som hundar og renner kring i byen.
  
16. Dei flakkar um etter mat; vert dei ikkje mette, nattar dei yver slik dei er.
  
17. Men EG vil syngja um din styrke og um morgonen fagna meg høgt yver di miskunn; for du er mi borg og mi livd den dag eg er i naud.
  
18. Min styrke! For deg vil eg syngja; for Gud er mi borg, min miskunnsame Gud.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES