Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 63

Bible Study - Salmenes 63 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Ein salme av David, då han var i Juda øydemark.
  
2. Gud! Du er min Gud, eg søkjer deg tidleg; mi sjel tyrster etter deg, mitt kjøt lengtar etter deg i eit turt land som ligg i vanmakt utan vatn.
  
3. Soleis hev eg skoda deg i heilagdomen - eg såg di makt og din herlegdom.
  
4. For di miskunn er betre enn livet; mine lippor prisar deg.
  
5. Soleis vil eg lova deg so lenge eg lever; i ditt namn vil eg lyfta upp mine hender.
  
6. Som av merg og feitt skal mi sjel verta mett, og med jublande lippor skal min munn prisa deg.
  
7. Når eg kjem deg i hug på mitt lægje, tenkjer eg på deg i nattevaktene.
  
8. For du hev vore hjelp for meg, og i skuggen av dine venger ropar eg høgt av fagnad
  
9. Mi sjel heng fast ved deg; di høgre hand held meg uppe.
  
10. Men dei som stend meg etter livet og vil tyna det, dei skal koma til dei nedste djup i jordi.
  
11. Dei skal verta yvergjevne til sverdmakt, verta til ran for revar.
  
12. Men kongen skal gleda seg i Gud; kvar den som sver ved han, skal prisa seg sæl, for ljugarane skal verta målbundne.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES