|
|
Salmenes, Chapter 64
1. Til songmeisteren; ein salme av David.
2. Gud, høyr mi røyst når eg klagar, vara mitt liv for fiendeskræmsla!
3. Gøym meg for løyndelaget av dei vonde, for den bråkande hop av illgjerningsmenner,
4. som kvesser si tunga som eit sverd, legg på bogen si pil, det beiske ordet,
5. og vil skjota ned den skuldlause i løynd; brått skyt dei han og reddast ikkje.
6. Dei gjer si vonde råd fast, dei fortel at dei vil leggja løynde snaror, dei segjer: Kven ser dei?
7. Dei tenkjer upp ugjerningar: Me er ferdige, tanken er er tenkt - og mannsens tankar og hjarta er djupe.
8. Då skyt Gud dei; pili kjem brått og sårar dei.
9. Dei stupar ned, deira tunge kjem yver dei; alle som ser på dei, rister på hovudet.
10. Og alle menneske reddast og forkynner Guds gjerning, og dei skynar hans verk.
11. Den rettferdige gleder seg i Herren og flyr til han, og alle ærlege av hjarta prisar seg sæle.
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|