|
|
Salmenes, Chapter 67
1. Til songmeisteren på strengleik; ein salme, ein song.
2. Gud vere oss nådig og velsigne oss, han late si åsyn lysa hjå oss - sela -
3. so dei må kjenna din veg på jordi, di frelse hjå alle heidningar.
4. Folki skal prisa deg, Gud! Folki skal prisa deg alle saman.
5. Folkeslagi skal gledast og fagna seg høgt; for du dømer folki med rett, og folkeslagi på jordi leider du. Sela.
6. Folki skal prisa deg, Gud! Folki skal prisa deg alle saman.
7. Landet hev gjeve si grøda; Gud, vår Gud, velsignar oss.
8. Gud velsignar oss, og alle heimsens endar skal ottast han.
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|